Han ble bare 10 veker gammel

Lite visste vi det skulle ende sånn. Og sikker kan vi ikkje vere på om det var valpefurunkolose han hadde, men symtoma er veldig like.

Han var en frisk og sunn valp, som vokste og spiste heilt normalt. Os så raskt som det kom, han var 8 veker gammal, den siste av kullsøskene, reiste dagen før.  Den eine dagen, heilt frisk, til dagen etter, øyebetennelse og ørebetennelse, det ble så kraftig at han han hadde heilt klistra øyne om morgenen, så for å få opp øynene, måtte eg vaske med lunka vatn, og vart litt bedre når eg dryppa øyne å ører. Etter nokon dagar med drypping og penicillin, oppdaga eg en byll bak høgre øre. Allerede dagen etter hadde det gått hull på byllen, og smuss kom ut. Det kom nye byller kvar dag, bakover ryggen, så eg reiste til veterinæren igjen. Veterinæren ville sjekke kva som var inne i byllane. Så valpen vart bedøvd, og barbert der byllane var, og det vart snitta i byllane. Men inni byllane var der ingen ting. Han lille nydelige valpen, såg ikkje vidare "nydelig" ut, der han låg, barbert å kutta i.

Eg hadde før denne dag, spurt veterinæren om det kunne være valpefurunkolose, men det meinte han bestemt det ikkje var. Han kunne ikkje seie kva det var, men han meinte at valpen ikkje kom til å leve noko langt liv, kanskje ett halvt år, kortare eller litt lenger. Eg måtte ta ei avgjerelse der og da, men det klarte eg ikkje gjere, det meinte eg han måtte gjere, da han var den som hadde kompetanse til å avgjere liv og død.

Veterinæren valgte å la valpen slippe å våkne opp.

Gløymer det aldri, eg holdt handa mi under hodet til valpen, mens veterinæren leita fram det han trengte. Plutselig løfta valpen hodet, og såg rolig på meg, før han la seg ned igjen å sovna. Så fikk han sovne for godt. Det var så trist.

Han skulle sendast til obdusjon, for å finne ut kva som egentlig feila han, og då for å sjekke han innvendig. Etter noen veker fikk eg svar på obduksjonen, som i forkorta versjon sa dette : Kroppen angrep seg sjølv. Han var heil fin innvendig, så det var dårlig immunforsvar, og da gikk kroppen til angrep på seg sjølv.

Mi personlige meining er at han hadde nok valpefurunkolose, og trur heller ikkje det er arvelig, då både mor og far til valpen, ikkje har gitt flere avkom med samme sjukdom. Så eg trur det er immunforsvaret til DEN valpen som sviktar, og ikkje noko med arveligheit. Det er MI oppfatning.

 

 

        VALPEFURUNKULOSE